Ringøy Camping

Ringøy Camping

Velkomen til Ringøy Camping!

Ringøy Camping ligg idyllisk til ved Hardangerfjorden og har god plass til bubil, campingvogn og telt. Hjå oss kan du også leige hytta "Dreiarstova" som ligg midt mellom epletrea, med ein eineståande utsikt over fjord og fjell.

Campingplassen er ideel som base for ekskursjonar til kjende attraksjonar i Hardanger. Med Hardangerbrua som vart opna i august 2013, er det heller ikkje langt til Voss, Granvin og Ulvik.

Campingen har ei lita båthamn for småbåtar og kanoar. Her er du også velkomen til å laga bål med ved som vertane står for.

Campingen er open frå 1.5 - 15.9. Grupper kan reservere plass utanom sesong på førespurnad.

Me håpar du vil trivast her.

Velkomen til fredelege Ringøy! 
Platå for bubil og campingvogn
Hytte
Bålplass med ved
Båtuleige
Gratis Wifi

Steder i nærheten: