Er ein leirplass som ligg på Hafslo i Luster kommune. Leirplassen ligg ved Hafslovatnet, 14 km frå kommunesenteret Gaupne og 14 km frå regionsenteret Sogndal. Det er kun 4 km til Solvorn og Sognefjorden.
Lyngmo er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband og Sogn og Fjordane Indremisjon. Drifta er retta mot leirar og andre arrangement for born og ungdom, familiar, vaksne og eldre. Barnelaga våre med Knøttekoret, Torsdagsklubben og Småbarnstreff er viktige for oss.
Me leiger også ut staden til overnatting, camping, selskap og konferansar.